Datasikkerhet

Me oppdaterer nettsida fortløpande!

Virus sprer seg fort på eit stort nettverk. Det er derfor lurt å ta sikkerheten på alvor. Her kjem nokre tips du kan følge for å være meir trygg digitalt, både på EvoLAN og ellers.

  1. Hold maskinen og alle program oppdatert til siste versjon! Dette er det viktigaste og kanskje enklaste å gjere rett.
  2. Ikkje klikk på linker eller last ned programvare du ikkje stoler på.
  3. Ha trygge passord på kontoene og datamaskinen din. Eit bra passord har minimum 12 tegn, 2 STOR bokstav, 2 liten bokstav, 2 tall, 2 spesialtegn. Du bør bruke eit spesielt program for å lagre passordene dine. Lastpass, Bitwarden eller KeepassX er gode valg.
  4. Bruk tofaktor autentisering der det er mulig. "Google Authenticator" er ein app som gir deg eingongskodar når du skal logge på ulike nettsider.
  5. Du bør vurdere å installere antivirus programvare på maskinen din. Avast, Bitdefender og AVG fungerer bra. Det er skjeldan nødvendig å kjøpe betalte versjonar.
  6. Ha fleire kopiar av dokument og filer som du ikkje vil miste
  7. Ikkje ha lagra dokument og filer som du ikkje vil at andre skal sjå på datamaskinen din.
  8. Ikkje deaktiver brannmuren på maskinen din
  9. Hold deg vekke fra piratkopierte filer og fildelingssider.
  10. Ikkje gå vekk fra maskinen din ulåst og aldri del passordet ditt til nokon. Ikkje til Tech, ikkje til vennen din.