FAQ

Me oppdaterer nettsida fortløpande!

Før arrengementet


Når starter EvoLAN 11?

Me åpnar dørene mandag 07. oktober kl. 16:00 (VIP kan komme 15:00)

Når sluttar det?

Torsdag 10. oktober kl. 12:00

Nettverket og straumen blir slått av 09:00

Korleis kjøper eg billett?

Sjå denne linken

Du kjøper billett gjennom eBillett på same måte som hos andre plassar som brukar eBillett (t.d. Bømlo kulturhus, Stord kulturhus). Du vil få ein bekreftelse på e-post (eller SMS). Ta med billetten når du kjem på EvoLAN (Du treng ikkje skriva den ut dersom du kan vise den på mobiltelefonen din).

Korleis reserverer eg plass?

Sjå eiga side for plassreservasjon

Kor gamal må eg vera for å delta på EvoLAN 10?

Les info til føresette. Me har inga fast aldersgrense, men anbefalar ungdomsskulen og oppover.

Dersom du er under 16 år må dine føresette fylla ut eit samtykkeskjema.


Under arrengementet


Blir det kiosk på lanet?

Me håper at Løp for livet vil drive kiosken! Kva dei kjem til å ha på menyen veit me ikkje enda, men me håpar på at dei sel pizza, brus og noko snop. Dei kjem heilt sikkert også til å selge heimabakte varer som vafler, kaker og boller. Meir info kjem så snart den er klar!

Kan me steika medbrakt pizza?

Informasjon vil komme

Kva konkurransar blir det?

Les her. Forandringar kan oppstå. Meir info og påmelding kjem så snart det er klart.

Må eg ta med nettverkskabel?

Ja, med mindre du vil nytta trådlaust nettverk. Me anbefaler ein kabel på ca. 7,5 meter, men det kan henda du ikkje treng så lang. Dette er avhengig av kvar du sitt og kvar bordswitchen er plassert. Sørg for at kabelen du tar med er fin og utan skade.

Må eg ta med eigen stol?

Nei, men ta gjerne med om du ønsker!

Kva skjer dersom noko av utstyret mitt blir stole eller skada?

Du står sjølv ansvarleg for utstyret ditt. EvoLAN kan dessverre ikkje påta seg noko økonomisk ansvar, direkte eller indirekte i samband med arrangementet. Me har ikkje høyrt om nokon tilfeller tidlegare og satsar på at det ikkje vil endra seg.

Etter arrangementet

Eg har gløymt noko, kan dykk hjelpa?

Sjølvsagt, men berre om du kan forklare kva du har gløymt. Det er ikkje sikkert me finn gjenstanden din, men me skal gjera vårt besta for å finna gjengløymte ting. Me kan sjølvsagt ikkje erstatta noko du har mista under arrangementet, men me skal vere så hjelpsame som mulig!

Når er neste arrangement?

Vanligvis tar me nokre månadar pause etter eit arrangement. Som regel byrjar me planlegging ca. to-tre mnd før arrangementet. Me kan dessverre ikkje lova noko før denna prosessen har starta. Ønsker du å melda deg frivillig til neste arrangement og vere med på planlegginga, ta kontakt på post@evo-lan.org!