Pakkeliste

Informasjonen her kan være utdatert.

DU TRENG

  • Billetten din. Minnar om at det er billigare å kjøpe på nett enn i døra.
  • Gyldig ID (Bevis på at du er den du er, og gammal nok dersom du ikkje har samtykkeskjema.)
  • Samtykkeskjema dersom du er under 16 år.
  • Ein plan for mat, drikke og søvn. (Me skal ikkje sjå den. Me ønsker berre at deltakarane skal komma førebudd på LAN.)


HUSKELISTE – Nyttige ting

  • Datamaskin eller spillkonsoll
  • Nødvendige kablar og tilbehør (skjermkablar, strømkablar, ethernet, tastatur, datamus…)
  • Strømpadde. Du får berre eitt strømuttak av oss.
  • Datastol om du vil, men me har stolar dersom du ikkje vil drasse med eigen.
  • Pengar
  • Mobiltelefon
  • Mobilladar
  • Soveutstyr dersom du har planar om å overnatta i lokalet.
  • Ekstra klede?
  • Alle medikament du måtte trenga gjennom arrangementet.
  • Toalettsaker (tannkost, deodorant…)


Ting du ikkje får ta med deg

  • Kjøleskap (Ta kontakt med EvoLAN dersom du treng kjøle noko ned, så finn me ei løysing.)
  • Mikrobølgeovn (Me har.)
  • Vannkokar (Me har.)
  • Høgtalarar
  • Andre ting som trekker mykje strøm.
  • Nettverksutstyr som du ikkje har klarert med styret på førehand.