Retningslinjer

Informasjonen her kan være utdatert.

  • Du er sjølv ansvarleg for å lese reglane før du kjem på EvoLAN.
  • Norske lover og reglar gjeld for heile arrangementet.
  • Alkohol eller andre rusmidlar er strengt forbudt. Berusa personar blir vist vekk frå lokalet.
  • Hærverk eller tjuveri vil føra til at vedkommande blir holdt økonomisk ansvarleg med krav om erstatning og/eller politianmeldelse.
  • Du må godta beskjedar du får frå EvoLAN-styret.
  • Vis hensyn og normal folkeskikk i møte med andre deltakarar og frivillige.
  • Du blir tildelt ei bordbredde og skal ikkje overtre plassen din.
  • Stengte og låste dører skal forbli låste, dei er låste av ein grunn.
  • Deltakarane er sjølve ansvarlege for sitt eige utstyr. EvoLAN kan ikkje stillast ansvarleg for skadar eller tjuveri av ditt datautstyr eller andre personlege eigedelar.
  • Det er ikkje lov å ha medbrakt strømkonsumerande eller brannfarleg utstyr som t.d. kjøleskap eller mikrobølgeovn.
  • Det er ikkje lov å bruka høgtalarar berekna for høg lydstyrke. Høgtalarar frå laptop, mobil og tilsvarande går fint dersom du gir beskjed om det til dei frivillige.
  • Soving skal berre skje på anvist stad. Det skal vera stille på desse stadane.
  • Røyking skal ikkje skje på skulen sitt område.
  • Rydd opp søppel uansett kvar du er. Sorter flasker og boss.
  • Om ein skal arrangera eigen compo (spelkonkurranse), må ein først kontakta oss i EvoLAN og bli einige om korleis det skal bli utført.
  • Ved brudd på reglar reserverer EvoLAN seg retten til å bortvisa den/dei det gjeld utan refusjon av billett, reise eller andre utlegg.
  • Betalte billettar blir ikkje refunderte. Det er ingen angrerett på billettkjøp i høve angrerettlova § 19. Einaste unntak er dersom du melder deg som frivillig til å hjelpe oss med å arrangera. Ved avlyste arrangement vil du få refundert pengane.
  • EvoLAN har rett til å endra, fjerna eller legga til reglar.