EvoLAN 11?

Me har veldig lyst til å arrangere lan i haustferien eller seinare, men for å kunne få dette til er det nokre punkter me treng å krysse av, nokon av desse treng me hjelp av dykk for å få til.

Viktigaste tingene me treng hjelp til, uten dette kan me ikkje arrangere lan:

  • Riggehjelp ved opprigg: ca. 10stk utanom oss
  • Vakter under arrangementet: Nok til å dekke 48 timar. Mellom 5-15stk. Me foretrekk folk over 18 år, men i periodar der me i styret er tilstede er ikkje dette like viktig.
  • Ryddehjelp når arrangementet er over: ca 10 stk utanom oss

Ting me gjerne vil ha meir hjelp til, men er ikkje kritisk for å kunne arrangere lan:

  • Frivillige som vil hjelpe oss med planlegging
  • Frivillige som vil arrangere scenekonkurranser eller anna underholdning
  • Frivillige som vil hjelpe å arrangere spillkonkurranser
  • Frivillige som vil hjelpe med nettverk, straum eller anna teknisk.

Har du spørsmål eller vil melde deg som frivillig, ta gjerne kontakt! Send oss enten ein melding på Facebook, eller ein epost til post@evo-lan.org

Fordelar

Me vil gjere vårt beste for at det frivillige arbeidet du bidrar med skal gi litt ekstra.

Typiske fordelar er fribillett, billigere kioskvarer (dersom EvoLAN sjølv driver kiosk), pizza til opp/ned-rigg eller muligheten til å ta imot gjester (ikkje deltakarbillett) utan å betale ekstra. Me kan gjerne vurdere rabattar på billettar dersom du vil bidra på deler av arrangementet. Jo meir du bidrar, jo større rabatt.

Me treng mykje hjelp, så dersom du har gode forslag om kva me kan gi for å gjere dette meir fristande er det berre til å tipse oss!

Obs!

Dette er berre første trinn i ein lang prosess for å planlegge arrangement. Me har ingen informasjon om når eller kor det skal være, kva billettane eventuelt vil koste, eller noko lignande. Me kan ikkje garantere at det blir noko av før alle eksterne kravene er tilfredstilt.

Slik er prosessen vår:

  1. Skaffe nok frivillige
  2. Leige lokale og internettforbindelse
  3. Fikse alt det formelle
  4. Starte billettsalg
  5. Jobbe med planlegging av nettverk, spillcompoer og meir.
  6. Utføre arrangement