Info til føresette

Me oppdaterer nettsida fortløpande!

I vinterferien 2020 skal den frivillige organisasjonen EvoLAN igjen arrangera datatreff. Her kjem litt informasjon:

Datatreff (dataparty, LAN) blir arrangert i heile verda og samlar ungdom rundt datamaskina. Sjølv om fokuset hovudsakleg er retta mot data, så er det eit svært sosialt arrangement der ein kan møta mange nye folk.

EvoLAN har mykje erfaring i å arrangera LAN, og dette blir vårt tolvte arrangement. Me har samla over 1000 deltakarar sidan 2013 og fokuserer på tryggleik og trivsel – derfor har me reglar og retningslinjer du må vera klar over før du kjem. Deltakarar under 16 år må ha med samtykkeskjema.


Aldersgrense

Me er ikkje veldig strenge på alder. Om du meiner at barnet ditt kan kome, er det du sjølv som avgjer dette. Veiledande aldersgrense er 8. klasse og opp. Alle under 16 år må ta med samtykkeskjema som føresatte skriv under på.


Viktige tider

Dørene opnar: Lørdag 22. februar kl. 16:00 (kl. 15:00 for dei som har kjøpt Komfort billett)

Arrangementet sluttar: Tysdag 25. februar kl. 12:00


Soveplassar

Me anbefaler alle å få nok søvn. Det beste er å sova heima. Men for dei som ønskjer har me også dedikert nokre rom til soverom. Deltakarane må sjølv ha med liggeunderlag, sovepose, pute osv.


Mat og drikka

Det er viktig at deltakarane får i seg mat og drikka. Me anbefaler på det sterkeste at dei har ein sunnare kost enn Grandiosa og cola. Det vil vera mulig å fylla vatn på flaske.

Me jobber med å skaffe ein avtale med Løp for livet for å prøve å arrangere kiosk under lanet.


Utstyr og personleg eigendelar

Deltakaren er sjølv ansvarleg for alt som blir medbrakt. Tjuveri/herverk skal meldast til oss frivillige i EvoLAN og blir politianmeldt. Dette har aldri skjedd, og me håpar me får halda på den tradisjonen.


Kontakt oss

Har du spørsmål, ta kontakt på: post@evo-lan.org